top of page
IMG_1881.JPG

Hardanger Retro

Ved inngangen til Strandadalen finn du Hardanger Retro. Her kan du køyra like til døra og parkera gratis på føretakets private parkeringsplass, midt blant utsøkte retro-produkt. Tilårskomne landbruksmaskiner og reidskapar, frå den tida hest og ljåslått var vanleg på brattlendte vestlandsbruk. Ved inngongspartiet står Televerkets klassiske telefonkiosk, landets einaste med summetone! Innanfor bugnar det av «ting og tang» frå svunne tider. Tidsskrifter, bøker, plakater, reklameskilt, lydprodukt, kroneautomat, syklar, møbel og inventar, jukebox og mykje, mykje meir. Ta deg god tid, det er rikeleg med sitjeplassar, både ute og inne. Retro’en serverer kaffi og iskald Coca-Cola på original glasflaske, sjølvsagt!

 

Skal du feira noko, arrangera «bobleparty», eller kanskje samla gjengen for å mimra musikk til lyden av medbrakte vinylplater eller ein retro filmkveld med dine favorit VHS-kassetter? Hardanger Retro har plass til eit tjue-tals gjester. Du kan koma til «duk og dekka» bord, eller ta med det du sjølv ynskjer av mat og drikke. Ta gjerne kontakt for avtale.

Det er flotte turstiar frå Hardanger retro, samt jettegryter. Sjå meir info her.

 ​Kontaktinfo: 

Tlf: +47 992 07 208

Mail: as@linetech.no

Facebookside: https://www.facebook.com/hardangerretro

Adresse: Strandadalsvegen 131, 5630 Strandebarm  ​

  • Facebook

Foto:

Asbjørn Skogasel

Eva Berge

bottom of page